Profesjonell Strandrydding,
Sjøtransport og marine tjenester

Skjærgårdservice er eit sjølvstendig firma, med base på Stord i Sunnhordland. I arbeidet vårt med profesjonell strandrydding, er me avhengige av lokalt engasjement og midlar frå aktørar i både privat og offentleg sektor. Jo fleire som vel å inngå ein ryddeavtale, jo fleire strender kan me rydda. I tillegg er omsøkte midlar frå ulike fond og organisasjonar viktige for denne delen av verksemda vår.

Kvifor profesjonell strandrydding?
Mange spør oss oss om profesjonell rydding verkeleg er naudsynt. Svaret er ja. Mengdene av plast og søppel er så enorme, at sjølv med den store innsatsen som vert lagt i frivillig rydding her i landet, klarar ein berre 1-2% av det som er behovet. Her trengst det rydding i storskala! Det gjer me.

Og har du tenkt på alle dei uframkommelege stadane langs kysten vår, der ingen ryddar? Holmar og skjær, langt ute i havgapet, med frådande hav mot bratte, glatte berg. Strandlina vår er lang og kronglete. Me tar oss fram over alt!

For å redda strendene våre trengst det rett og slett profesjonell, strukturert, organisert og målretta strandrydding! Derfor er Skjærgardservice her, og me riggar oss for ein solid innsats!

v

Heiar på dei frivillige!
Samstundes heiar me heilhjarta på alt det flotte arbeidet som vert gjort på dugnad for strendene våre. Rydde-engasjementet hos folk flest trengst! Me trur på den forskjellen kvar og ein av oss kan gjera!

Derfor vil me sei: Ta gjerne kontakt med oss dersom du engasjerer deg frivillig og treng hjelp til noko frå oss!

Sjøtransport og andre tenester
O
g så ser me at med båtane våre og mannskapet vårt er det meir me kan tilby her i skjærgarden vår. Forutan rydding av strender, tilbyr me sjøtransport og opplevingar knytt til event og teambuilding. Fleire tenester vil komma etter kvart.

Broomguiden-referanse: 100331110

Kontakt

Sted

  • Adresse Haga 13A
    5414 Stord
  • KommuneStord
  • FylkeHordaland
  • LandNorge