Hjelledalen

Trivelige vinterisolerte hytter med kjøkken, stove, dusj, toalett/bad, 2 soverom, hems og gratis WIFI. Det er montert varmepumper i alle hyttene, men der er også vedovn i tillegg.

Kjøkkenet er utstyrt med alt nødvendig utstyr og kokeplater, kjøleskåp og vannkokar. Trådlaust internett og fjernsyn med NRK-kanalane er også inkludert i prisen. Kvar hytte har 4 enkeltsenger og ei dobbeltseng. Vi har sengekle og handkle til utleige, men også eingangssengesett for sal. Vaskeutstyr og støvsugar er også i alle hyttene.

Ute har hyttene veranda med campingbord og kullgrill til kvar hytte. Der er også ein stor plen som egnar seg godt til ballspel og leik. Området ligg ved starten av ein gang og sykkelvei som går til Folven der det er dagligvarebutikk, pub og skatepark. Fjellturmoglegheiter er der mange av, berre spør betjeningen for anbefalingar.

bilde

Geiranger, Stryn Sommarskisenter, Jostedalsbreen Nasjonalparksenter og Briksdalsbreen er populære reisemål i nærleiken.

Nærmaste flyplass er Hovden. Den er 95km unna, men også Sandane, Førde, Sogndal og Førde er innanfor rekkevidde. Buss frå Trondheim, Ålesund, Bergen eller Oslo er eit godt alternativ om ein ikkje vil køyre sjølv.

Kart Hjelledalen

Broomguiden-referanse: 100328895

Kontakt

Sted

  • Adresse Folven
    6798 HJELLEDALEN
  • KommuneStryn
  • FylkeSogn og Fjordane
  • LandNorge